Annonse

Oslo Børs fell for andre dagen på rad

Hovudindeksen på Oslo Børs fall tysdag 0,4 prosent og enda på 884,99 poeng. Norwegian heldt fram med oppturen, og Bjørn Kjos seier han ikkje vil stoppa eit sal.

Annonse

Omsetnaden tysdag enda på 5,31 milliardar kroner fordelt på 133.000 handlar.

Norwegian-aksjen blei vinnaren tysdag med ein vekst på 5,1 prosent til 287,8 kroner etter at oppkjøpsrykta tok til å rulla måndag.

Det tyske flyselskapet Lufthansa er i samtalar med Norwegian om eit mogleg oppkjøp, sa Lufthansa-sjef Carsten Spohr måndag formiddag. Seinare på dagen stadfesta Norwegian-sjef Bjørn Kjos at det hadde vore kontakt mellom Norwegian og Lufthansa om mogleg oppkjøp.

Konsernsjef Bjørn Kjos i Norwegian Air Shuttle seier ifølgje Bloomberg News at han ikkje vil stoppa eit sal av flyselskapet dersom styret ønskjer å selja, skriv Hegnar.no.

Flyselskapet var det nest mest omsette selskapet på børsen tysdag. Equinor toppa omsetningslista, men fall 0,3 prosent til 214,40 kroner.

Taparen blant dei mest omsette er Norsk Hydro som fell 1,8 prosent, like mykje som kursen fall måndag.

Dei europeiske børsane hadde også ein dårleg tysdag. DAX 30 i Frankfurt gjekk ned 1,1 prosent. I Paris gjekk CAC 40 ned 1,2 prosent, mens i London fall FTSE 100 0,3 prosent.

Bakgrunnen for nedgangen er frykten for at USA trappar opp handelskrigen med Kina.

Då børsen stengde, blei eit fat nordsjøolje omsett for 74,7 dollar på spotmarknaden, 20 cent meir enn måndag ettermiddag. Amerikansk lettolje blei seld for 64,7 dollar fatet, eit fall på ein halv dollar det siste døgnet.

(©NPK)

Foto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix