Østberg fortset i Citroën

Den norske rallyføraren Mads Østberg skal med eitt unntak køyre resten av VM-rundane i år etter å ha komme til semje med Citroën.

- Endeleg kan eg dele den gode nyheita med dykk. Eg er offisielt tilbake som fabrikkførar i Citroën Racing. Eg ser verkeleg fram til resten av sesongen. Takk til alle som har støtta meg på veg tilbake i WRC, tvitrar Østberg.

Østberg skal saman med Craig Breen frå New Zealand køyre Rally Finland (26.-27. juli), Rally Tyskland (16.-19. august), Rally Tyrkia (13.-16. september), Rally Storbritannia (4.-7. oktober og Rally Australia (15.-18. november).

Det er førebels planlagt at Sebastien Loeb skal køyre Rally Spania (25.-28. oktober) for Citroën. Loeb har tidlegare køyrt i Mexico og på Korsika.

Khalid Al Qassimi skal ratte den tredje Citroën C3 i Finland, Tyrkia og Spania.

- Vi er inne i ein oppattbyggingsfase, og allereie no ser vi mot 2019-sesongen. Men før det skal vi avslutte denne sesongen på best mogleg måte. Og Mads, med si erfaring frå både VM og med C3-bilen, kan vere med og hjelpe oss framover med si rolege og avslappa haldning, heiter det frå Citroën-laget.

(©NPK)

Rallyføraren Mads Østberg skal køyre alt unntatt éin VM-runde for Citroën resten av sesongen. Foto: Micke Fransson / TT / NTB scanpix