Annonse

Østberg og Haga står over NM

Verken Ingvild Flugstad Østberg eller Ragnhild Haga går NM-konkurransar på Gålå i helga.

Haga slit med sjukdom, medan Østberg vel å bortprioritere renna for å satse for fullt på den kommande OL-sesongen.

- Konkurransane i Quebec er mine siste for denne sesongen. I samarbeid med landslagstrenar Roar Hjelmeset og andre rundt meg, har eg gått igjennom kva eg har gjort og kva eg kan gjere annleis. Desse erfaringane tar eg no med meg inn i jobben mot ein ny skisesong med OL i Pyeongchang i sikte, seier Østberg i ein utsegn.

(©NPK)