Annonse

Over 1.000 migrantar kom til Italia med Siem Pilot

(NPK-NTB-AFP): 1.093 migrantar kom til den italienske byen Palermo på Sicilia etter å ha blitt redda i Middelhavet av det norske skipet Siem Pilot.

Fleire hundre sjuke, kvinner og barn gjekk i land i Palermo måndag ettermiddag. I tillegg til dei tusen migrantane, frakta det norske skipet også 17 døde personar.

Søndag oppstod det dramatikk om bord då migrantane skulle fraktast frå eit tankskip over til Siem Pilot utanfor kysten av Libya.

Då skipet, som var fullt av migrantar, drog av stad, hoppa 25 personar frå andre gummibåtar i havet og sumde etter båten for å komme om bord.

Sjølv om det ikkje var meir kapasitet på Siem Pilot, hjelpte skipet til ved å bruke lettbåtane for å overføre migrantar frå gummibåtane til sivile fartøy.

Mange av dei overlevande som kom til Palermo måndag, var passasjerar i ein gummibåt som blei angripen av ein båt tilhøyrande den libyske kystvakta fredag morgon. 25 personar skal ha drukna etter hendinga.

Italias innanriksdepartement uttalte fredag at meir enn 146.000 migrantar har komme til landet hittil i år. (©NPK)