Annonse

Over 2.000 riggjobbar i fare

(NPK-NTB): Riggkrisa og nedturen for offshorefartøy blir verre enn antatt. I fjor såg Rederiforbundet for seg ein ytterlegare nedgang i år, men situasjonen har blitt verre enn det dei opphavleg såg føre seg. 

Tal som Rederiforbundet opererer med viser at 7.000 arbeidsplassar i riggbransjen og innan offshorefartøy gjekk tapt i 2015. I 2016 ligg tala an til å bli 4.500. Rundt 100 offshorefartøy ligg no i bøyer langs kysten utan oppdrag, skriv Stavanger Aftenblad.

– Forventningane har slått til og vel så det, seier Sturla Henriksen, direktør i Rederiforbundet.

Innan februar 2017 kan så mange som 24 riggar stå utan oppdrag, og det er ingenting som tyder på at det vil bli betre med det første.

– Dessverre vil det bli endå verre. Rundt to tredelar av riggane vil vere i opplag i slutten av 2017. Noko som også tel i situasjonen for offshorefartøy. Det blir nokre tunge år. 2016 er vanskeleg, 2017 endå verre, før det i 2018 er eit håp om at ting byrjar å ta seg opp igjen, seier Henriksen.

Årsaka til dette er at det for tida av ikkje er nok aktivitet globalt sett til å dekkje behovet for olje og gass. (©NPK)