Annonse

Over 40 leilegheiter evakuert etter storbrann i Stjørdal

Etter ein brann i ein terrasseblokk i Stjørdal måndag, er 44 leilegheiter framleis evakuert. Ingen er meldt sakna eller skadd.

Dei som bur i dei 44 evakuerte leilighetene, får ikkje lov til å koma tilbake i leilegheitene sine i kveld.

- Alle dei 44 leilegheitene har i større eller mindre grad vore utsette for røyk eller brannskadar, så dei får ikkje lov til å koma tilbake i leilegheitene i kveld, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Bernt Tiller.

Enkelte bebuarar har med assistanse fått lov til å henta ut medisinar og andre nødvendige ting etter brannen.

Det er førebels ikkje mistanke om at brannen er påsett, og det skal i hovudsak vera to leilegheiter som skil seg ut som mogleg årestad for brannen.

- Området vil bli undersøkt av krimteknikarar tysdag, seier Tiller.

Politiet kom først ikkje i kontakt med personen som bur i leilegheita som brann, men fekk altså stadfesta at ingen var inne i bygget.

Ifølgje Trønder-Avisa blei dei tre terrasseblokkene i Nedre Terrasseveg bygd i 1970, med leilegheiter mynta på ungdom.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix