Over 450 pasientar døde etter å ha fått for mykje smertestillande på britisk sjukehus

Over 450 pasientar har døydd etter å ha fått altfor mykje smertestillande medisinar ved Gosport War Memorial Hospital sør i England, viser granskingsrapport.

I rapporten, som blei offentleggjort onsdag, går det fram at sjukehuset hadde institusjonalisert ein praksis som innebar at pasientar i perioden frå 1989 til 2000 fekk skrive ut reseptar på smertestillande opioidar utan at det fanst nokon medisinsk grunngjeving.

Den uavhengige granskingskommisjonen meiner også at ytterlegare 200 pasientar kan ha lidd same lagnad, men dette kan ikkje slåast fast sidan det manglar dokument i arkiva.

- Det er snakk om manglande respekt for menneskeliv, blir det slege fast i rapporten, som peikar spesielt på éin lege.

Det er tidlegare slege fast at legen lét vera å ta vare på tolv pasientar som ho hadde ansvaret for mellom 1996 og 1999. Men ho blei aldri stilt for retten, og ho mista heller ikkje autorisasjonen som lege. I staden valde ho å gå av med pensjon etter avsløringane.

I rapporten går det også fram at både helsepersonell og institusjonane svikta familiane til pasientane gong på gong sidan dei ikkje blei tekne på alvor når dei klaga på behandlinga.

(©NPK)