Over 560 klatrarar til toppen av Everest

I alt 563 klatrarar frå 39 land tok seg opp Mount Everest frå nepalsk side denne sesongen, opplyser regjeringa i Nepal.

Kvart år setter hundrevis av ambisiøse, håpefulle klarere kurs mot Nepal for å gi seg i kast med den utfordrande turen.

Samla sett har over 5.000 personar klarert til topps på det 8848 meter høge fjellet. Det er det høgste i verda og ligg på grensa mellom Nepal og Kina

Frå midten av mai til tidleg juni klarte 511 menn frå 37 land å nå toppen. 52 kvinner frå 15 land lykkast også. Dei klatrande fekk hjelp av 302 sherpaer, opplyser Rameshwor Niroula i turistdepartementet fredag.

India og USA sender flest klarere til Nepal, med 51 indiske statsborgarar og 49 amerikanarar denne sesongen. Også 16 klarere frå Nepal nådde toppen, av dei 13 kvinner.

Også årets sesong kravde dødsoffer. Seks personar mista livet oppe i fjellmassivet; éin japansk klatrar, éin frå Makedonia og éin frå Russland, og tre sherpa frå Nepal.

(©NPK)