Annonse

Over hundre arrestert for mafiaverksemd i Italia

Italiensk politi har arrestert 104 personar som ein meiner er mafiamedlemmer. Dei skal ha operert i den søraustlege delen av landet.

Dei arresterte høyrer til dei kriminelle organisasjonane Mercadante-Diomede og Capriati, opplyste politiet måndag.

Gruppene er aktive i området søraust i Italia der byen Bari ligg. Nokre av dei mistenkte er arrestert i andre deler av landet.

Den nye italienske innanriksministeren Matteo Salvini rosar politiet og forsikrar at kampen mot mafia er noko han vil prioritera.

Arrestasjonane skjedde ikkje lenge etter at ein viktig rettsbygning i Bari måtte evakuerast. Veikskapar i bygningsstrukturen utløyste frykt for at han kunne kollapsa.

Federico Cafiero de Raho, som leier kampen til den italienske påtalemakta mot mafia, meiner det er svært urovekkjande at dei tilsette i rettsbygningen no er flytta til provisoriske telt. Bari ligg ved frontlinja i kampen mot organisert kriminalitet, strekar de Raho under.

(©NPK)