Annonse

Over hundre sauer drepne av ulv i Nord-Østerdalen

Minst 110 sauer er bekrefta døde etter ulveangrep i Nord-Østerdalen dei siste dagane. Fleire gardbrukarar har mista store delar av besetninga.

Natt til onsdag hadde ulven angripe sauer ved setrene i Gammeldalen i Tynset, og fleire lam og søyer vart avliva i morgontimane same dag. I alt er det funne 110 døde sauer der ulven har bevegd seg i Tynset, Rendalen og Tolga. Ulveangrepet er dermed det verste i Noreg hittil i sommar, melder NRK.

- I tillegg til dei 110 er det nok fleire kadaver som ikkje er funne, seier fellingsleiar Jo Esten Trøan.

Tolga kommune har no oppretta kriseberedskap, og ordførar Ragnhild Åshaug fortel at enkelte bruk har mista to av tre lam, og fleire har mista ein stor del av besetninga.

- Det blir opplevd som ein katastrofe for den enkelte bonde som blir utsett for dette. Det er ei stor påkjenning å leite etter kadaver og ta livet av skadd sau som er i live. Fleire er også usikre på erstatningsordningane, seier Åshaug.

Eit fellingslag på fire jegerar jaktar no på ulven, men hadde onsdag enno ikkje sett den. Likevel klarte dei måndag å komme så nær innpå rovdyret at dei ifølgje Trøan truleg avverja eit større angrep. Jegerane har fått dispensasjon til å bruke hund i jakta.

Tysdag opna elles rovviltnemndene i Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold for felling av rundt 30 ulvar under lisensjakta til vinteren. Kvotevedtaket kjem likevel til å bli klaga inn til Klima- og miljødepartementet av Verdens naturfond (WWF).

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix