Annonse

Overgrepsdømd ute på prøve – teken igjen

(NPK-NTB): Ein 25 år gammal mann busett i Bergen, som nettopp var sett fri på prøve frå ein overgrepsdom på seks år, er sikta for å ha bilete på mobilen av yngre gutar i undertøy.

Mannen, som er sikta for framstillingar som seksualiserer barn, blei måndag varetektsfengsla i fire veker, skriv Bergens Tidende.

– Han erkjenner for så vidt dei faktiske forholda. Han seier han har henta ned nokre bilete frå internett og sendt dei vidare. Men han meiner det ikkje er straffbart, seier advokat Tore Johan Sørland, som representerer 25-åringen då hans faste forsvarar er fråverande.

Mannen blei 7. juni i år sett fri på prøve frå ein dom på seks år for «overgrep mot barn og eige av framstillingar som seksualiserer barn», ifølgje ei rettsavgjerd frå Bergen tingrett.

Dommen er frå Nord-Noreg, og mannen hadde to år igjen av straffa då han sleppte ut. (©NPK)