Annonse

Overlevande: Minst 60 migrantar drukna i Middelhavet

Minst 60 migrantar drukna då båten deira forliste i Middelhavet sist veke, ifølgje opplysningar frå overlevande etter forliset.

Rundt 40 overlevande etter ulykka blei frakta til Sicilia med eit italiensk kystvaktskip tysdag. Organisasjonen Leger Uten Grenser (MSF) har snakka med fleire av dei.

- Eg har aldri før sett så skremde og traumatiserte auge etter at folk har komne i land, seier Teo di Piazza, som koordinerer arbeidet til MSFs psykologar.

- Desse menneska hadde ingen styrke igjen.

Ein reknar med at om lag hundre menneske var om bord i ein stor gummibåt som skulle frakta migrantar frå Libya til Europa. Etter forliset blei dei overlevande redda av eit amerikansk marineskip.

Besetningen på marineskipet såg rundt tolv døde menneske i vatnet. Dei overlevande blei seinare overførte til det italienske kystvaktskipet som frakta dei i land saman med fleire hundre andre som også har prøvd å koma seg til Europa.

(©NPK)