Palestinar drepen på Gazastripa

Ein palestinsk 24-åringen er skoten og drepen av israelske soldatar inne på Gazastripa, opplyser styresmaktene i den omringa palestinske enklaven.

Ifølgje helsedepartementet i Gaza by vart 24 år gamle Sabri Ahmed Abu Khader «drepen av kuler frå den israelske okkupantmakta».

Det israelske forsvaret opplyser at «fem terroristar» prøvde å gjennomføre ein sabotasjeaksjon mot «sikkerheitsinfrastruktur» nær grensa til Israel, men det blir ikkje bekrefta at israelske soldatar opna eld eller at nokon vart drepne.

- Sikkerheitsinfrastrukturen eksploderte, og fleire terroristar vart såra, heiter det i ei kunngjering frå hærleiinga.

Minst 131 palestinarar er skotne og drepne inne på Gazastripa av israelske soldatar stasjonerte ved grensa sidan slutten av mars. Ingen israelarar er drepne i same periode.

Tidlegare måndag angreip israelske kampfly det Israel kallar ni militære Hamas-mål nord på Gazastripa, som eit svar på at palestinarar sender brennande drakar inn over Israel.

Ifølgje palestinske sikkerheitskjelder kom ingen til skade i dei israelske flyangrepa.

(©NPK)