Partane i togstreiken framleis i møte

(NPK-NTB): Møtet mellom partane i den fire veker lange togstreiken trekte som venta i langdrag tysdag ettermiddag. Dei fagorganiserte har lagt fram eit forslag til løysing.

– Viss vi skal få til noko, blir vi jo sitjande litt, uttalte leiar for Norsk Lokomotivmannsforbund Rolf Ringdal på vegen inn til møtet hos Riksmeklaren klokka 12 tysdag.

Etter over fem timar i forhandlingar var det verken brot eller semje.

Etter snart fire veker håpar både lokførarane og NSB at streiken som har lamma togtrafikken på Austlandet, nærmar seg slutten. Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, som representerer NSB, og LO Stat, der Norsk Lokomotivmannsforbund (NLF) høyrer til, møttest hos Riksmeklaren.

NLF la måndag fram eit forslag til løysing overfor motparten. Dei takka ja til eit tilbod frå meklar Dag Stousland om bistand.

– Det er behov for nokre avklaringar og presiseringar. Det har meklaren tilbode partane å hjelpa til med. Så får vi sjå kva det leier ut i, og om det er mogleg å forhandla noko vidare og finna ei løysing, sa kommunikasjonssjef Gunnar Larsen i Spekter.

Larsen ville verken seia noko om forslaget frå motparten eller kva dei uavklarte punkta er. (©NPK)