Annonse

Pedersen førte an då Noreg vann lagtempo

(NPK-NTB): Anført av Sverre Lunde Pedersen i ei gryande form gjekk Noregs skøyteherrar til topps på lagtempo for menn i verdscupen.

Annonse

Det norske laget med Sverre Lunde Pedersen, Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen gjekk inn til 3.42,43.

Noreg gjekk mot Canada og var lenge bak, men ei utruleg sterk avslutning av Pedersen gjorde at Noreg tok seg fram i tet med to rundar igjen.

Inn til mål hadde nordmennene auka med 2,16 sekund. Noreg var også 1,07 sekund føre Italia.

I det siste paret var det Nederland mot Japan. Også dei nederlandske løparane måtte sjå seg slått med 0,61 sekund. (©NPK)