Annonse

Per Sandberg flyttar til Mandal

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har kjøpt seg bustad og flyttar til Mandal i juni. 

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har kjøpt seg bustad og flyttar til Mandal i juni.

- Eg kan stadfeste at eg har kjøpt bustad i Mandal og flyttar dit i midten av juni. Ut over det ønskjer eg ikkje å kommentere saka, seier Sandberg til Fædrelandsvennen. Han vil heller ikkje vil gå inn på kvifor han valde akkurat Mandal.

Det var Lindesnes Avis som først skreiv om saka. Frp-ordførar Alf Erik Andersen i Mandal er fornøgd med å få statsråden til byen.

- Eg har sidan Skaldyrfestivalen vore kjent med at han har hatt eit ønske om å flytte hit. Han har vorte glad i Mandal, og med mindre det kjem noko i vegen, kjem han til Mandal under festivalen i år òg, seier han.

Fiskeriministeren er gift med statssekretær Line Miriam Sandberg i Helse- og omsorgsdepartementet. Dei to vart gifte i 2010 og har vore busette på Senja i Troms. Frå departementet får Fædrelandsvennen stadfesta at paret er i ein separasjonsprosess.

(©NPK)

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er på flyttefot. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.