Annonse

Per Sandberg taus om Iran- og mobilsaka

Per Sandberg la ikkje skjul på at han gjerne skulle ha halde fram som statsråd, men på ein pressekonferanse måndag var han taus om grunnen til at han måtte gå.

- Eg er utruleg stolt. Dei siste to åra har vore dei mest gjevande i heile karrieren min. Det er vemodig og trist, sa avgåande fiskeriminister Per Sandberg då han fekk ordet under pressekonferansen med statsminister Erna Solberg (H).

Han hadde mykje på hjartet når det gjeld fagområdet - norsk fiskeri- og havbruksnæring - men var taus om temaa det var knytt mest interesse til, og som er årsaka til at han måtte trekkja seg som statsråd og nestleiar i Framstegspartiet. Spørsmål rundt dette vil han først svara på når han og kjærasten Bahareh Letnes held pressekonferanse tysdag ettermiddag.

- Då skal eg vera tilgjengeleg for dykk alle, og eg skal svara på alle spørsmål de måtte ha om dette, sa han.

(©NPK)

Avgått fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) møtte pressa måndag ettermiddag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix