Annonse

Perfekt kvalifisering for J17-landslaget

(NPK-NTB): Det norske J17-landslaget i fotball slo Nederland 2– 0 og gjekk gjennom EM-kvalifiseringa utan poengtap eller baklengsmål.

– Denne sigeren kan vise seg å vere veldig viktig. Vi må vere uheldig med resultata i resten av EM-kvalifiseringsgruppene om vi ikkje skal hamne i seedingnivå 1. Gjer vi det, slepp vi å møte dei beste laga i eliterunden til våren, sa landslagstrenar Børje Sørensen til fotball.no.

Begge laga var klare for eliterunden før gruppefinalen onsdag, men nederlendarane gjekk på banen med eit favorittstempel etter å ha slått Bulgaria og Moldova samanlagt 24-0, mens Noreg nøydde seg med 10– 0.

I kampen onsdag var det Noreg som viste seg vere det giftigaste laget. Thea Bjelde sende Noreg i leiinga da ho midtvegs i første omgang skrudde eit hjørnespark rett i mål.

Nederland greidde aldri å skape mange sjansar.

– Vi venta berre på at kampen skulle opne seg litt, og at Nederland skulle risikere meir. Da den stunda kom, sette vi inn Olaug Tvedten i ei rolle ho har vore god i lenge, sa Sørensen.

Noreg vann fleire duellar på midtbanen før Tvedten vippa ballen over forsvaret. Rogde nådde han først og flakte han forbi keeperen før ho sende han i eit tomt mål.

Med ni poeng og 12– 0 i målforskjell er Noreg klar for eliterunden til våren. Der skal 24 lag fordelt på seks grupper kjempe om plassar i sluttspelet. Dei seks gruppevinnarane og den beste toaren får delta i sluttspelet i Tsjekkia saman med vertslandet. (©NPK)