Person døydde i brann på Lista

(NPK-NTB): Ein person er funnen død etter ein brann i ein einebustad i Vanse i Vest-Agder.

Meldinga om brannen kom klokka 10.22 onsdag formiddag, ifølgje Agder politidistrikt.

Det blei først opplyst at ingen skal ha vore heime i huset, men seinare kom beskjeden om at ein person er funnen omkommen. (©NPK)