Annonse

Petter Stordalen kjøper praktbygg i København

(NPK-NTB): Petter Stordalens eigedomsselskap Strawberry Property kjøper den staselege Centralpostbygningen i København like ved Tivoli. Bygget skal bli luksushotell, ifølgje dansk TV 2.

– Målet er å skape eitt av Københavns beste hotell midt i smørauget for kultur, transport og shopping, seier Stordalen til kanalen.

Med kjøpet rykker hotellkjeda opp blant dei største i Danmark, frå ein niande til ein sjetteplass. Det nye hotellet skal etter planen opne i 2020. (©NPK)