«Pikene på broen» kan gå for over 400 millionar kroner

(NPK-NTB): Auksjonshuset Sotheby's reknar med at tilslaget for Edvard Munchs måleri «Pikene på broen» vil bli i overkant av 50 millionar dollar når det går under hammaren neste månad.

Det kjende måleriet blir auksjonert bort i New York måndag 14. november, og Sotheby's reknar altså med at tilslaget vi liggja på over 50 millionar dollar eller rundt 411 millionar kroner etter noverande kurs.

Det finst 12 utgåver av måleriet, til dels med skiftande figurgrupper.

Auksjonshuset har selt ein heil del av arbeida til Munch dei siste tjue åra, og i 2012 blei eit «Skrik»-måleri det dyraste selde på auksjon nokon gong då det gjekk for 120 millionar dollar.

I juni i år auksjonerte dei bort eit «Skrik»-trykk frå samlinga til Olaf Schou i London. Det var prisa til mellom 9,4 og 14,1 millionar kroner. (©NPK)