Annonse

Platini vedgår å ha triksa med VM-trekning

Den franske fotballegenda Michael Platini (62) vedgår at det vart triksa med VM-trekninga i 1998 slik at Frankrike ikkje kunne møtte Brasil før i finalen.

Den franske fotballegenda Michael Platini (62) vedgår at det vart triksa med VM-trekninga i 1998 slik at Frankrike ikkje kunne møtte Brasil før i finalen.

Sekstitoåringen kjem med den oppsiktsvekkjande tilståinga i eit intervju med radiostasjonen France Bleu.

Før VM i 1998 var Brasil rekna som det beste laget i verda, mens Frankrike var rekna som nummer to. Til radiostasjonen seier Platini, som var med og leidde organisasjonskomiteen, at dei triksa det til slik at dei to laga ikkje kunne møtes før finalen.

- Dersom vi enda først i vår gruppe og Brasil i sin, kunne vi ikkje møte dei før i finalen. Frankrike mot Brasil i finalen, det var ein draum for alle, sa sekstitoåringen leande:

- Det var litt triksing.

Platini hevda vidare at arrangørane ikkje hadde brukt seks år med VM-planlegging utan å gjere ein del triks.

- Trur du ikkje andre VM-arrangørar har gjort noko liknande? spør Platini.

Frankrike vann finalen mot Brasil.

(©NPK)

Michel Platini på besøk i Oslo da han var UEFA-president. Foto: Lise Åserud / scanpix