Annonse

Pokémons kastar lys over Syria-krigens verkelegheit

(NPK-NTB-AFP): Ein trist Pikachu ved ruinane av ein bygning, og draken Charizard saman med svartkledde jihadistar. Det er resultatet når Pokémons vert redigerte inn i bilete frå krigsherja Syria.

Den syriske kunstnaren Khaled Akil er ein av fleire aktivistar og kunstnarar som har redigert dei populære monstera frå spelet Pokémon Go inn i nyheitsbilete frå det krigsherja landet.

– Målet med dette enkle prosjektet er rett og slett å kaste lys over kva som skjer i Syria, seier Akil.

Landet er no inne i sitt sjette år med borgarkrig, og minst 280.000 menneske er drepne. Eitt av Akils bilete viser den kjente figuren Pikachu som feller ein tåre ved sida av ein liten gut, i forkant av ruinane av ein bygning. Eit anna viser draken Charizard saman med svartkledde, væpna jihadistar.

– Dessverre, etter fem år med krig, har den syriske dødsmaskinen blitt vanlege, kvardagslege nyheiter, seier Akil.

Pokémon Go er eit mobilspel som blandar GPS-lokalisering og 3D-grafikk og lar spelarane via mobilkameraet jakte på monster rundt seg. Spelet har tatt verda med storm sidan det blei sleppt tidlegare i juli. (©NPK)