Polen: Massakre under krigen var folkemord

(NPK-NTB-AFP): Den polske nasjonalforsamlinga har vedteke at massakren av 100.000 polakkar gjort av ukrainske nasjonalistar under andre verdskrigen, var folkemord. Det vil ikkje Ukraina gå med på.

– Offera for brotsverka som blei gjort på 1940-talet av ukrainske nasjonalistar, har ikkje blitt tilstrekkeleg anerkjent, og massakren har ikkje blitt anerkjent som folkemord, heiter det i ein resolusjon som den høgrepopulistisk-dominerte nasjonalforsamlinga vedtok fredag.

Mellom 1942 og 1945 blei om lag 100.000 polakkar drepne av medlemmer av den ukrainske opprørsbevegelsen UPA i Volhynia-regionen, som i dag ligg nordvest i Ukraina. Dei aller fleste offera var kvinner, barn og eldre, og dei blei enten drukna eller hakka i hel.

Polske partisanar svarte med å drepe om lag 20.000 ukrainske.

Under kommunisttida frå 1945 til 1989 blei den såkalla Volhynia-massakren dyssa ned. Men i 2013 vedtok den dåverande polske regjeringa å setjav søkjelys på massakren. Då blei det derimot ikkje brukt omgrepet folkemord, men «etnisk reinsing med folkemord-liknande trekk». (©NPK)