Annonse

Politi- og sikkerheitsstyrkar angrip regjeringsmotstandarar i Nicaragua

Opprørspoliti og halvmilitære styrkar rykka tysdag inn i ein bydel i Masaya, sør for Managua, for å knuse motstandarane av regimet til president Daniel Ortega.

Annonse

Rundt 40 lastebilar tok seg inn i Masaya frå fire retningar og danna ein ring rundt den opprørske bydelen Monimbo. Augnevitne ringde inn til radiostasjonar i Managua og fortalde om kimande kyrkjeklokker som blei overdøyva av skotsalver.

Den katolske kyrkja i Nicaragua har innstendig bedt det internasjonale samfunn om å reagere på det som skjer for å hindre eit regelrett blodbad. USA åtvarar president Ortega mot å angripe Masaya og ber om stans i den brutale forfølginga av demonstrantar.

Francisco Palmieri, visestatssekretær for utanrikssaker på den vestlege halvkule, krev at den blodige offensiven frå regjeringsstyrkane må stanse med det same.

- Verda rettar auga mot Nicaragua, seier Palmieri i ei melding på Twitter.

Måndag bad generalsekretær i FN António Guterres om stans i valdshandlingane og gjenopptakinga av dialogen med sikte på ei forhandlingsløysing.

Aktivistar innanfor opposisjonen har reist barrikadar rundt fleire bydelar i Masaya for å hindre regjeringsstyrkane i å rykke fram. Bydelen Monimbo er blitt kjerneområdet deira. Den tidvis blodige striden har gått føre seg i tre månader.

Det begynte som ein protest mot ei pensjonsreform, men voks til ei rørsle som vil ha fjerna det undertrykkjande regimet til Ortega og kona hans Rosario Murillo, som også er visepresident. Den katolske kyrkja prøver å opptre som meklar og mellommann.

Rundt 280 menneske er blitt drepne sidan demonstrasjonane og opptøyane starta 18. april.

(©NPK)

Innbyggjarar i bydelen Monimbo i Masaya gravlegg ein av sine døde 16. juli. Foto: Cristobal Venegas/AP/NTB scanpix