Politiet har fått nye tips i 14 år gammal sak

32 år gamle Trine Frantzen forsvann frå heimen sin i Os i mai 2004. No vil politiet i Bergen gjere nye undersøkingar i saka basert på tips. 

- Innhaldet i tipsa vi får inn varierer, men vi har fått inn opplysningar som gjer at vi ønsker å sjå nærmare på ein del ting og gjere undersøkingar. Vi har også gjennomført fleire nye avhøyr i saka, seier påtaleansvarleg Ole Bjørn Mevatne til Dagbladet.

Han ønsker ikkje å gå i detalj om kva tipsa og undersøkingane handlar om.

To personar, den eine Frantzens sambuar, vart sikta for forsettleg drap i 2007, men saka vart lagt bort året etter på grunn av bevisstillinga. Saka vart teken opp att i 2012, då det også kom inn nye tips.

Frantzen høyrde til eit belasta rusmiljø, og politiet i Os vart sterkt kritisert for å ha venta heile tre månader frå kvinna vart meldt sakna, til dei begynte å etterforske saka som eit mogleg drap.

Mevatne har framleis tru på at den nesten 14 år gamle saka kan oppklarast.

- Det er nokon som veit noko. Vi må få den informasjonen for at saka skal kunne løysast. Dei som veit noko, eller trur dei veit noko, må ta kontakt med oss.

(©NPK)