Politiet sende ut 375 personar i mars

Dei tre første månadane i år transporterte Politiets utlendingseining 1.186 personar ut av landet. Det er ein nedgang på 17 prosent frå same periode i fjor.

Av dei 375 som blei transportert ut i mars, var 136 pålagde ein eller fleire straffereaksjonar. Det svarar til 36 prosent av alle som blei sende ut av landet denne månaden. Av dei straffedømde var det flest som hadde statsborgarskap frå Polen, Romania og Litauen.

21 mindreårige blei uttransportert i mars. Alle dei mindreårige var del av familiar.

(©NPK)