Annonse

Politikjelder: Føraren av varebilen i Barcelona blant dei drepne i Cambrils

Føraren av varebilen som køyrde inn i ei folkemengd i Barcelona, er blant dei som blei skotne og drepne etter angrepet i Cambrils, ifølgje politikjelder.

Det skriv El País.

Åtte timar etter at ein varebil meia ned fleire personar på La Rambla i Barcelona torsdag, køyrde ein bil inn i ei menneskemengd i hamnebyen Cambrils. Fem mistenkte gjerningspersonar blei skotne og drepne av politiet på staden.

Tidlegare fredag sa polititalsmann Josep Lluis Trapero at dei jobba ut frå ein teori om at føraren av varebilen i Barcelona kunne vere blant dei drepne i hamnebyen.

Politiet har tidlegare uttalt at føraren enno ikkje var identifisert. Spanske medium har vist til anonyme politikjelder, og hevdar den hovudmistenkte er ein 17 år gammal gut med marokkansk bakgrunn.

14 personar blei drepne i dei to angrepa.

(©NPK)