Portugal gir grønt lys for medisinsk bruk av cannabis

Medisinsk bruk av cannabis blir no lovleg i Portugal etter at nasjonalforsamlinga i landet har stemt for forslaget med stort fleirtal.

Det betyr at Portugal blir eitt av få EU-land der det blir lovleg å skriva ut cannabis på resept. Lova tek til å gjelda frå 1. juli.

Kva substansar som skal klassifiserast som legemiddel, skal avgjerast av det portugisiske legemiddeltilsynet.

Portugal er allereie eitt av dei mest liberale landa i Europa når det gjeld narkotika. Mellom anna blei narkotikabruk avkriminalisert i 2001.

(©NPK)