Premier League vurderer vinterpause

(NPK-NTB-DPA): Premier League-leiar Richard Scudamore stadfestar at ein eventuell vinterpause for fotballspelarane på øvste nivå i England blir vurdert.

Premier League er ein av få toppligaer i Europa som ikkje tar pause rundt juletider. Den nytilsette engelske landslagssjefen Sam Allardyce meiner ein vinterpause vil hjelpe landslaget og klubbane i England til å utvikle seg vidare, og no fortel Scudamore at Allardyce kan få ønsket sitt oppfylt.

– Sam har etterlyst dette lenge og vi er ikkje imot. Det finst velvilje for å få dette gjennomført. Vi diskuterer det, men eg kan ikkje seie noko om progresjonen i samtalene, seier leiaren til Sky Sports.

– Sjølv om vi kjem opp med ei løysing er vi nøydde til å ta det vidare med klubbane og tilhengjarane. Vi har inga tidsramme på det. Hadde det vore enkelt hadde vi alt fått det til, held fram han.

Jule- og nyttårsperioden har lenge blitt sett på som ein svært lukrativ økonomisk periode for klubbane, både gjennom billettsal og sal av tv-rettar.

Styreformannen i Det engelske fotballforbundet, Martin Glenn, har tidlegare uttalt at ein eventuell vinterpause må vente til den noverande tv-avtalen går ut i 2019.

– Det er semje om at det vil vere smart å gjere. Det vil hjelpe Premier League og oss på eit internasjonalt nivå om vi klarer å få det gjennom, seier Glenn, ifølgje BBC. (©NPK)