Annonse

Professor: Neppe like varmt utan klimaendringane

(NPK-NTB-Are Føli): September-sommaren hadde neppe vore like varm utan den globale oppvarminga, meiner klimaforskar Tore Furevik.

Uvanleg varmt vêr og vatn med badetemperaturar har prega mange delar av landet dei siste dagane.

I Stavanger viste termometeret tysdag 27,3 grader, noko som aldri før har skjedd i september. Fleire andre stader i Sør-Noreg har det vore rekordvarmt.

Sjølv om det hausten av og til var varm i gamle dagar òg, trur Furevik det er ein samanheng mellom dei nye rekordane og endringane i klimaet.

– Det er veldig lite sannsynleg at vi hadde fått så varme dagar utan den globale oppvarminga, seier han til NTB.

Furevik strekar under at det ikkje er utenkjeleg at gradestokken i Stavanger kunne ha nådd 27,3 grader denne månaden også med eit «normalt» klima. Men det hadde altså vore svært usannsynleg.

– Vi har fått ein veldig auke i talet på hetebølgjer på sommaren både i Europa og andre delar av verda, seier Furevik.

Han er professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen og direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking. I tiåra framover ventar han at varmerekordane kjem til å komme stadig oftare.

– Varmeperioden no hadde truleg ikkje vore like varm utan den globale oppvarminga, legg han til.

Meteorolog Marit Helene Jensen ved Meteorologisk institutt i Oslo er på si side generelt meir varsam med å knyte enkelthendingar til endringane i klimaet. Men også ho peikar på at varmerekordane kjem oftare enn før.

– Det er eit teikn på at ting er i endring, seier Jensen til NTB.

I Spania er det sett fleire nye varmerekordar, og i byrjinga av september låg temperaturane i den sørlege delen av landet på rundt 45 grader.

– Det er sett rekordar i store delar av Europa. Først no dei siste dagane har det varme vêret trekt oppover til oss, seier Furevik.

Midtausten har òg hatt ein ekstremt varm sommar, og i Kuwait skal temperaturen i juli ha vore heilt oppe i 54 grader. Dette kan vere den høgste temperaturen som er målt i verda nokon gong.

Gjennomsnittstemperaturen på jorda har vore rekordhøg kvar månad det siste halvåret. Årsaka er truleg ein kombinasjon av menneskeskapt global oppvarming og vêrfenomenet El Niño. (©NPK)