Annonse

Pussy Riot-medlemmer dømde til 15 dagars fengsel etter banestorming

Fire medlemmer av aktivistgruppa Pussy Riot er dømde til 15 dagars fengsel etter å ha storma banen under VM-finalen søndag.

Annonse

Kampen blei stoppa ei kort stund før sikkerheitsvakter til slutt fekk kontroll og frakta aktivistane av banen. Eitt av Pussy Riot-medlemmene rakk å gjere ein «high five» med Frankrike-yndlingen Kylian Mbappé i midtsirkelen.

Rett etter banestorminga la Pussy Riot ut eit innlegg både på Facebook og Twitter der dei tok på seg ansvaret for det dei skildrar som ein protestaksjon mot det politiske styret i Russland. Dei lista i tillegg opp ei rekkje krav, deriblant at politiske fangar skal bli lauslatne og at ulovlege arrestasjonar under demonstrasjonar skal stogge.

I retten måndag blei dei fire medlemmene funne skuldige i å bryte lova om korleis tilskodarar skal oppføre seg, og blei dømde til 15 dagars fengsel. Dei er også utestengde frå å delta på sportsarrangement i tre år.

(©NPK)

Russiske sikkerheitsvakter ber bort ein kvinneleg banestormar under VM-finalen mellom Frankrike og Kroatia i Moskva. Punk- og aktivistgruppa Pussy Riot tok på seg ansvaret for banestorminga. Foto: Martin Meissner / AP / NTB scanpix

Ein kvinneleg banestormar kledd i politiuniform gir Frankrike-yndlingen Kylian Mbappé ein «high five» under VM-finalen mot Kroatia. Foto: Thanassis Stavrakis / AP / NTB scanpix