Annonse

Putin avviser at Russland har kompromitterande Trump-materiale

«Sludder», seier president Vladimir Putin i Russland om påstandane om at landet sit på kompromitterande materiale om president Donald Trump.

Annonse

Under pressekonferansen i Helsingfors måndag blei Putin spurt om han var i rådvelde av kompromitterande materiale om Trump eller familien hans.

- Då han var i Moskva som forretningsmann, visste eg ikkje eingong at han var der, svarte Putin.

- Om de hadde det, ville det ha vore ute for lenge sidan, tilføydde Trump.

(©NPK)

Vladimir Putin (til høyre) gav sin amerikanske motpart Donald Trump ein VM-ball under pressekonferansen. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix