Annonse

Rangers med målfest på heimebane

Mats Zuccarello og New York Rangers vann 5-1 over Philadelphia Flyers på heimebane tysdag. 

Annonse

Flyers stod for første mål i kampen etter to minutt på isen, men det tok ikkje lang tid før Rangers utlikna, og då første periode var over var stillinga 3-1 til heimelaget.

Fire minutt inn i andre periode fekk Rangers igjen nettkjenning, og etter dryge 17 minutt sette Rick Nash pucken i mål for andre gong.

Ingen av laga scora i tredje periode, og kampen enda dermed 5-1.

- Det var herleg. Dette trong vi, for å få smila tilbake i garderoben. Dette smakte godt, seier Zuccarello til Nettavisen.

Den norske stjerna fekk totalt 18 minutt og 17 sekund på isen tysdag. Han spelte venstreving, noko som er eit sjeldan syn.

- Eg veit ikkje om eg har spelt venstreving under Alain Vigneault før. Det er ei stund sidan eg har gjort det, men det gjekk greitt. Det gjeld berre å fokusere på litt andre ting. I dag ville eg sjå mest på det defensive, så fekk det andre komme etter kvart. Det viktigaste var å få to poeng til laget, seier han.

Sigeren for Rangers var også viktig med tanke på å bli parkert i den jamne Metropolitan-divisjonen. No ligg Rangers med 51 poeng og er inne i sluttspelet på ein "wild card"-plass som det fjerde beste laget.

Elles blei New York Rangers stjernemålvakt Henrik Lundqvist historisk. Han blei første målvakt som har vunne minst 20 kampar i ein og same sesong i 13 sesongar på rad. Han stoppa 25 av 26 puckar mot Flyers.

- Dei seier heile tida "første gong i NHLs historie", men for å vere ærleg så synest eg det dette er ganske så kult. Denne rekorden har nemleg stått ei stund, seier Lundqvist til NHLs nettside.

(©NPK)

New York Rangers feirar J.T. Millers mål i kampen mot Philadelphia Flyers tysdag. Foto: Julie Jacobson / AP / NTB scanpix