Annonse

Rapport: Mindre kolkraft i verda frå 2022 

Den samla kapasiteten til alle kolkraftverk i verda vil begynne å gå ned i 2022, ifølgje ein ny rapport frå miljøorganisasjonar.

Annonse

Årsaka er at det blir bygt færre nye kraftverk - og at nybygginga ikkje lenger vil vege opp for gamle kraftstasjonar som blir tekne ut av drift.

I to år på rad har nybygginga følgt ein nedovergåande trend, ifølgje rapporten frå Greenpeace, Sierra Club og CoalSwarm. Dersom trenden held fram, vil den samla kapasiteten i verda begynne å gå ned om fire år.

Funna er i tråd med data frå Det internasjonale energibyrået (IEA), som nyleg erklærte at kolkraft har gått inn i eit tiår med stagnasjon. Ei viktig forklaring er at mange kolprosjekt er skrinlagde i Kina og India.

Kolkraft medfører svært høge utslepp av klimagassen CO2. Sjølv om bruken av kolkraft om nokre år kan vere på veg nedover, ligg det ikkje an til at nedgangen vil gå raskt nok til at klimamåla vil bli nådd.

(©NPK)

Dette kolkraftverket i Muskegon i den amerikanske delstaten Michigan stengde i 2016. Foto: AP / NTB scanpix