Raude piler på Oslo Børs

For tredje dagen på rad slutta Oslo Børs ned fredag. På den siste handelsdagen i veka fall hovudindeksen med 0,87 prosent til 687,25 poeng. 

Veka starta med oljeopptur og optimisme, og tysdag var oljeprisen på 56,9 dollar fatet, det høgste nivået sidan sommaren 2015. Fredag blei likevel eit fat nordsjøolje omsett for 56,16 dollar for tilsvarande mengd, og det børstunge oljeselskapet Statoil fall med 0,9 prosent.

Aksjane til aluminiumsselskapet Norsk Hydro, det nest mest omsette selskapet fredag, fell med heile 4 prosent og bidreg også til at pilene peikte nedover på børsen då han stengde fredag. Marine Harvest henta seg inn att etter å ha falle kraftig like etter opning, men endar likevel fredagen med ein nedgang på 0,21 prosent.

Telenor og Schibsted, som steig med høvesvis 0,5 og 1,84 prosent, var dei einaste av dei ti mest omsette selskapa som steig fredag.

Dei store vinnarane fredag var underhaldningsselskapet WR Entertainment og bioteknologiselskapet Biotech PCI, som steig med høvesvis 14,2 og 10 prosent.

Dei europeiske aksjeindeksane fall også fredag. CAC 40 i Paris og DAX 30 i Frankfurt fall med høvesvis 1,1 og 1,4 prosent, mens FTSE 100 i London fall meir moderat med 0,6 prosent.

Eit fat nordsjøolje blei selt for 56,13 dollar, mens prisen på amerikansk lettolje var 54,15 dollar fatet fredag.

(©NPK)