Annonse

Raudt-politikar meiner utdanningsdirektør braut teieplikta 

Utdanningsdirektør Astrid Søgnen braut teieplikta då ho omtalte personalsaka mot lektor Simon Malkenes, ifølgje raudt-politikar. Søgnen avviser påstanden.

- Toppbyråkrat og direktør i Utdanningsetaten, Astrid Søgnen, delte nettopp tausheitslagt informasjon med offentlegheita, skreiv nestleiar i bystyret i Oslo sin kultur- og utdanningskomité, Eivor Evenrud, frå Raudt i eit facebookinnlegg tysdag.

Ei open høyring om ytringsfridom i Oslo-skulen gjekk føre seg i Oslo rådhus då innlegget blei skrive.

Bakgrunnen for høyringa er utsegn få Malkenes om forholda ved Ulsrud vidaregåande skule, der han jobbar. I høyringa las Søgnen opp utsegn elevar har gitt i samband med personalsaka mot Malkenes, som har fått ein reprimande frå skuleleiinga.

Både ABC Nyheter og VG omtalte tysdag saka.

Søgnen, som er direktør for utdanningsetaten i Oslo, seier ho ikkje gav opplysningar som ikkje har vore offentleg kjent tidlegare.

- Eg kan ikkje sjå at eg har gitt opplysningar som er i strid med teieplikta i innlegget mitt, seier Søgnen til ABC Nyheter.

VG skriv derimot at opplysningane som blei formidla frå talarstolen i bystyresalen, ikkje tidlegare har vore kjent.

Ifølgje Evenrud har ikkje Malkenes fristilt direktør Søgnen frå teieplikta.

- Eg er ikkje informert om at innhald frå min sak skulle leggjast fram under høyringa, seier Malkenes sjølv til VG.

(©NPK)

Utdanningsdirektør Astrid Søgnen deltok tysdag i ein høyring om ytringsfridom i Oslo-skulen i Oslo rådhus. Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix