Annonse

Regjeringa i Sverige vil slå ned på truslar mot demokratiet

Den svenske regjeringa vil skjerpa straffene for truslar mot politikarar, angrep på politiet og andre lovbrot som trugar demokratiet.

Truslar mot politikarar blir ofte fremja for å påverka politikken, sa justis- og innanriksminister Morgan Johansson då han presenterte forslaga tysdag.

- Det finst spesielle grunnar til å sjå meir alvorleg på slike lovbrot, streka han under.

Regjeringa vil også skjerpa straffa for truslar mot vitne i rettssaker til minimum eitt års fengsel.

I tillegg føreslår den svenske regjeringa å etablera ein heilt ny kategori lovbrot: blålyssabotasje. Dette vil omfatta angrep på politi, redningsteneste og ambulansepersonell.

Grove tilfelle av slike lovbrot skal kunna straffast med opptil livsvarig fengsel.

Eit anna av forslaga dreier seg om rasistiske symbol. Hakekors er allereie forbode i Sverige, og regjeringa vil vurdera om det bør innførast forbod også mot andre symbol. Eitt av dei er Tyr-runa, som blir brukt av nynazistar.

(©NPK)