Regjeringa kritiske til russisk atomslep

Regjeringa er "svært kritiske" til dei russiske planane om å slepe det flytande kjernekraftverket Akademik Lomonosov langs norskekysten neste år.

- Det er mange alvorlege uavklarte spørsmål knytt til eit eventuelt slep. Vi er spesielt uroa for transport med reaktorbrensel, poengterer utanriksminister Børge Brende (H) til Stortinget i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå Eirik Sivertsen i Arbeidarpartiet.

Brende opplyser at slepet etter planen skal finne stad sommaren 2018 og at atomkraftverket vil bruke om lag tre veker på turen langs norskekysten til Murmansk frå St. Petersburg.

Planen er at Akademik Lomonosov skal plasserast ved Pevek i Nord-Aust Russland for å produsere straum når kjernekraftverket Bilibino blir lagt ned i 2019, ifølgje Brende. Han seier spørsmålet har vore på dagsorden i den norsk-russiske atomkommisjonen i fleire år.

- Vi legg til grunn at russiske styresmakter ikkje set i verk transport som ut ifrå faglege vurderingar verkar å vere uforsvarleg, poengterer utanriksministeren.

Aftenposten har skrive om saka i fleire omgangar. Ifølgje avisa har Noreg og dei andre nordiske landa i fleire år - utan hell - prøvd å få ut informasjon om tryggleiksspørsmål og korleis slepet skal bli gjennomført.

(©NPK)