Annonse

Regjeringa opnar for å kunna internera asylbarn på ubestemt tid

Regjeringa strammar inn på tilgangen til å internera asylbarn og -familiar over lang tid, men opnar for at det i enkelte saker skal kunna skje på ubestemt tid.

I eit nytt forslag til endringar i utlendingslova tek regjeringa til orde for at barn og barnefamiliar som skal sendast ut av landet, skal kunna internerast i tre døgn, med høve til forlenging i ytterlegare tre døgn. Men viss det er særskilde og sterke grunnar til det, skal styresmaktene kunna gå utover avgrensingane til hovudregelen, men berre for éi veke om gongen, ifølgje lovforslaget. Det blir ikkje føreslege noko maksimumstid.

I forslaget heiter det seg at internering på grunn av unndragingsfare berre skal skje dersom dette er heilt avgjerande som ein siste utveg for å gjennomføra utsendinga.

- Det er viktig for norske styresmakter å ha tilgang til å pågripa og internera når det er avgjerande for å få gjennomført uttransport av familiar som prøver å unndra seg retur, seier konstituert innvandrings- og integreringsminister Per Sandberg (Frp).

Listhaug: Skjer sjeldan

I dag blir asylsøkjarar med avslag plasserte på Politiets utlendingsinternat på Trandum viss styresmaktene fryktar at dei skal stikka av før utsending. Det skjer relativt sjeldan at mindreårige blir sitjande lenge på Trandum, sa innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) då ho kunngjorde forslaget i Sunnmørsposten før nyttår.

I fjor budde 143 barn og foreldra deira på familieavdelinga på Trandum mellom eitt og 24 døgn - 130 av dei blei sende ut av landet dei tre første døgna. Men i 2014 og 2013 blei éin mindreårig asylsøkjar halden på Trandum i meir enn 60 dagar både i 2015 og 2014. I 2015 var det sju barn som sat lenger enn tre døgn.

Mens det i dag er ei tilrettelagt familieavdeling på Trandum, har Politidirektoratet fått i oppdrag å oppretta ei eiga familieeining utanfor Trandum i 2017. Familieeininga skal ha eit meir sivilt preg.

- Ei eiga eining for barnefamiliar utanfor Trandum vil leggja endå betre til rette for at internering kan brukast som verkemiddel utan at dette blir eit uforholdsmessig tiltak, seier Sandberg.

Strammar inn

Dei føreslegne endringane i utlendingslova, der barn blir omfatta av ein eigen, heilt ny paragraf, inneber uansett innstrammingar av tilgangen det noverande lovverket og praksisen gjev til å internera barn som har fått avslag på asylsøknaden sin.

Heller ikkje i den noverande utlendingslova er det sett noko øvre tidsgrense, men straffeprosesslova er førande for praksis. Og der heiter det at barn ikkje kan internerast for lenger enn to veker om gongen, og då berre etter vedtak frå retten. I saker der barn blir internerte saman med foreldra, meiner staten regelverket tillèt internering i fire veker om gongen.

Regjeringa legg dessutan fleire presiseringar som skal ta vare på rettstryggleiken til barna i interneringsprosessen.

- Fridomstap er eit alvorleg inngrep, og det er særleg alvorleg når sakene omfattar barn. Det er derfor viktig med eit klart og presist regelverk, seier Sandberg.

(©NPK)