Regjeringa seier blankt nei til krav om palmeoljefrie offentlege innkjøp

Palmeoljefritt drivstoff må vere eit krav når stat og kommunar legg transporttenester ut på tilbod, meiner SV. Men regjeringa seier nei.

SV har foreslått at det vert stilt krav om biodrivstoff fritt for palmeolje ved alle offentleg innkjøp av drivstoff, offentlege tilbod og transporttenester. Men då Heikki Eidsvoll Holmås i Stortinget spurde næringsminister Monica Mæland (H) om ho vil sørgje for dette når ho lagar nye og forenkla reglar for offentlege tilbod, var svaret blankt nei.

- Vi vil stille to krav: Det skal vere lærlingar knytt til verksemda og miljøet skal vektast, seier ho til NTB.

Nokon nærmare definisjon av miljøkrav vil ho ikkje leggje inn i anbodsreglane.

- Det er opp til den enkelte innkjøpar å gjere. Det er andre krav når ein byggjer opera enn når ein kjøper inn kaffi, seier ho.

Holmås syns svaret er deprimerande.

- Det viser ei regjering som er fullstendig handlingslamma når det gjeld å følgje opp det Stortinget har sagt, nemleg at regjeringa gjennom innkjøpspolitikken sin skal sikre at vi ikkje bidrar til å øydeleggje regnskog, seier han, og fortset:

- Dersom du synets det er viktigare å forenkle enn å forhindre avskoging, då er det valet til regjeringa. Eg synest det er viktig å hindre avskoging, og
eg trur mange offentlege innkjøparar hadde sett pris på eit tydeleg regelverk.
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) opplyser at regjeringa har vurdert det slik at Noreg heller ikkje kan stille strengare krav enn det EU-regelverket går inn for.

(©NPK)