Annonse

Regjeringa vil at advokatar på fengselsbesøk skal kontrollerast

Regjeringa har fremma eit forslag om at advokatar på fengselsbesøk må gå gjennom sikkerheitskontroll når dei besøkjer fengsel med «vanleg høgt sikkerheitsnivå».

Per i dag er dette noko dei berre må gjere i fengsel innanfor kategorien «særleg høgt sikkerheitsnivå».

I lovforslaget heiter det at «sikkerhetsmessig er det uheldig at kriminalomsorgen ikke kan pålegge advokat eller offentleg myndighetsrepresentanter plikt til for eksempel å passere en metallportal i fengsel med høyt sikkerhetsnivå».

Både Advokatforeningen og Rettspolitisk foreining er imot forslaget, skriv Advokatbladet. Advokatforeningen meiner forslaget representerer eit inngrep i forsvararens frie tilgang til sin klient og at Justisdepartementets grunngjeving ikkje er tilstrekkeleg.

I høyringsuttalen frå foreininga heiter det at det heller ikkje er vist til noko empiri som tilseier at advokatane ikkje er til å stole på og har misbrukt tilliten som ligg i ordninga.

Departementet understrekar på si side at forslaget er i tråd med tilsvarande kontrollordning ved nokre domstolar, og i tråd med utviklinga elles i samfunnet.

(©NPK)