Regjeringa vil ikkje gi erstatning etter Monika-etterforsking

(NPK-NTB): Regjeringa vil ikkje gi mora til Monika Sviglinskaja erstatning etter politiet sin handtering av saka, melder TV 2.

I eit brev sendt til bistandsadvokat Stig Nilsen kjem det fram at regjeringa ikkje er innstilt på at staten skal innrømme erstatningsansvar overfor mora til Monika, Kristina Sviglinskaja. Brevet er signert statsminister Erna Solberg (H), ifølgje TV 2.

Måndag blei litauaren Donatas Lukosevicius (34) dømd til 18 års forvaring med ei minstetid på 10 år i Nordhordland tingrett for drapet på Monika Sviglinskaja (8). Dommen kan bli anka og er dermed ikkje rettskraftig.

Nilsen, som har fremja krav om oppreisningserstatning frå staten, seier til kanalen at brevet er urimeleg. Kravet er blant anna fremja for Hordaland politidistrikt, Politidirektoratet, Riksadvokaten og Justisdepartementet. Alle har avvist kravet, ifølgje TV 2.

– Dette er veldig politisk. Eg hadde forventa at ho hadde svart tydeleg på kravet. Drapet på Monika blei stempla som sjølvdrap som var svært belastande for mor, og i tillegg blei ho kraftig motarbeida av politiet når ho prøvde å ta opp att saka. Begge forholda taler for oppreisningserstatning, seier Nilsen til kanalen.

Om ho skal få erstatning, må Sviglinskaja gå til sak mot politiet.

– Det kan ikkje bli kravd at Kristina skal vere tvungen til å gå til sak. Ho har opplevd nok motgang og tøffe år, seier Nilsen vidare. (©NPK)