Annonse

Regnrekordane pøsar ned over Bergen

(NPK-NTB): Det har vore ein våt sommar i Bergen. Tysdag sikra den blaute byen seg den tredje regnrekorden i sommar. August er den våtaste sidan 1989.

Over 353 millimeter med nedbør låg i målaren som står på Florida i Bergen. Dermed er augustrekorden frå 1989 sletta, og den siste sommarmånaden er den våtaste på 27 år, skriv NRK.

Talet er det høgste som er målt sidan målingane starta på staden med det ironisk-klingande namnet, samanlikna med plassen med same namn på andre sida av Atlanterhavet.

Lillian Kalve, førstekonsulent ved Vêrvarslinga på Vestlandet, avviser at meteorologane feirar den tredje nedbørsrekorden i sommar.

– Det er nok no. Vi hadde jo allereie tatt to rekordar, seier ho.

Juli var nemleg den mest nedbørsrike på 46 år, og hadde i tillegg det våtaste døgnet sidan 70-talet.

Rekorden er likevel beskjeden samanlikna med målingane på Frederiksberg på Nordnes i Bergen. I 1929 regna det nemleg heile 415 millimeter i august.

Frå 1983 vart målestasjonen på Florida den offisielle i Bergen. (©NPK)