Rekordfå nordmenn oppgir at dei handlar svart

Éin av ti nordmenn har handla svart dei siste to åra, ifølgje ei fersk spørjeundersøking Opinion har gjort for Samarbeid mot svart økonomi og skatteetaten.

Aldri før har så få oppgitt at dei har handla svart, opplyser skatteetaten.

- Det er svært positivt at færre enn nokosinne seier dei har handla svart. Det viser at folk flest ønsker å handle kvitt, men vi ser framleis nokre utfordringar, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Trass i nedgangen i svarte handel, er det ein aukande tendens til kjøp av svart arbeidskraft innanfor reinhald og vedlikehald av hus.

Spesielt er det vaskehjelp og reinhald som slår mest ut i undersøkinga, og heile 29 prosent av dei som kjøper slike tenester, seier dei har handla svart.

- Eit problem er at det i dag er for vanskeleg for den jamne forbrukar å vite kven som er seriøse. Derfor ønsker vi å gi forbrukarane innsyn i fleire opplysningar om skattemessige forhold, for å gjere det enklare å sjekke om ei bedrift oppfyller forpliktingane sine, seier Holte.

Av dei som har oppgitt at dei har handla svart dei siste to åra, svarte 23 prosent at dei reknar med å kjøpe svart arbeid igjen i det neste året.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix