Annonse

Rekordmange sivile offer drepne i Afghanistan

(NPK-NTB-AP-AFP): Minst 1.601 sivile blei drepne og 3.565 såra i Afghanistan i første halvår i år, ifølgje FN. Dei har aldri registrert fleire sivile offer.

Auken frå 2015 er på 4 prosent. Situasjonen for afghanske barn har blitt vesentleg verre sidan i fjor, og berre det første halvåret har minst 388 barn blitt drepne.

– Historia og det kollektive minnet til afghanske folket vil dømma leiarane for alle partar i denne konflikten basert på kva dei faktisk gjer, seier Tadamichi Yamamoto, som leier FN-operasjonen i landet.

FN tok til å føra oversikt over drepne og såra afghanske sivile i 2009. Det samla talet i fjor er det høgste som er registrert så langt.

Den islamistiske Taliban-rørsla starta ein opprørskrig etter at USA invaderte Afghanistan i 2001. Konflikten går framleis føre seg mellom Taliban, andre opprørarar, regjeringa og dei vestlege styrkane som framleis er att i landet.

I tillegg har den islamistiske ekstremistgruppa IS etablert seg i Afghanistan. Gruppa har teke på seg ansvaret for fleire terrorangrep, seinast i Kabul laurdag der 80 menneske blei drepne. Terrorangrepet var det verste i den afghanske hovudstaden på 15 år. (©NPK)