Annonse

Rekordstort hopp-NM

(NPK-NTB): Med rundt 100 påmelde blir hopp-NM i helga i normalbakke det største i moderne tid. Heile den norske hoppeliten stiller i Midtstubakken.

Noregsmeisterskapen kjem også rekordtidleg. For første gong blir den arrangert i forkant av verdscupopninga. Tidlegare har NM normalbakke gått av stabelen mot slutten av sesongen.

I tillegg til dei beste norske hopparane, skal også delar av kombinerteliten delta i Oslo. Av dei rundt 100 påmelde, er det 14 kvinnehopparar.

Etter planen stiller 19 lag til den avsluttande NM-konkurransen søndag.

– At det no er rekorddeltaking i NM har med mange ting å gjere. Det har over lang tid vore jobba med å skape ein god anleggssituasjonen i Noreg. Vi har utvikla eit konkurransesystem som har redusert fråfallet i aldersgruppa 13– 19 år ettersom vi prøver å gi alle utøvarar utfordringar på det nivået dei til kvar tid er på. Grepet med å flytte NM ser heller ikkje ut til å ha gitt negativ effekt med tanke på deltakinga, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

NM i helga blir det første som tek i bruk isspor og plast som underlag. (©NPK)