Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

onsdag 22. februar 2017

– Å vere ordførar er ein livsstil

– Å vere ordførar er ein livsstil

– Skal ein posisjonere seg på sikt, er «Kviven» eit godt, nøytralt namn som sikkert ørstingar også ein gong i tida kan akseptere, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel.

Jobben som ordførar kjem på langt meir enn 80 prosent for Stig Olav Lødemel. Det syter kommunereforma for.

Skrevet av:

Det er fire veker sidan Stig Olav Lødemel sist tok inn på kontoret på kommunehuset på Grodås. Men ein ordførar har aldri heilt ferie. Og med reformer på fleire nivå pressande i ryggen har det ikkje vore mogleg å halde 80-prosentstillinga under 100.
– Å vere ordførar er ein livsstil, langt frå ein 8 til 16-jobb. Å berre jobbe 80 prosent har vore ei kjempeutfordring. Det er ikkje mogleg å skulle ha fri fredag, iallfall ikkje sidan hausten, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel.
Dugnadsinnsatsen på minst 20 prosent har gått ut over firmaet Løflo Installasjon.
– Det er utfordrande å få tid til alt, det er inga hemmelegheit. Eg klarer fint å følgje opp det administrative, men det vert ikkje mykje tid ut i felten lenger. Vi har tilsette som driv det, seier 39-åringen frå sitt romslege kontor. Utsikta peikar rett mot Grodås sentrum, som om få år vert ein tettstad i ein ny kommune.
For berre eit lite år sidan var Lødemel fersk ordførar. Og er det eitt tema som har gått att i løpet av året er det kommunereform.
– Det har vore særs lærerikt og gjevande. Eg angrar ikkje i det heile på at eg heiv meg ut i det. Eg har treft mange dyktige folk, både politikarar og byråkratar, seier han.

– Kva har du lært?
– Det går mykje på kommunikasjon, korleis folk formidlar bodskapen og meiningane sine, både munnleg og skriftleg. Og så har det overraska meg kor kort avstanden er frå Jan Tore Sanner og toppen av partiet til oss ordførarane. Han er flink til å halde kontakten med oss. Det er lett å få svar på ting frå nokon med innverknad, sjølv om eg ikkje er einig i alt som går føre seg. Til dømes sjukehussaka i Volda. Der er eg fundamentalt ueinig med statsråden, seier Høgre-ordføraren.

Ei splitta bygd?

Lødemel legg seg på linje med varaordførar Randi Langlo (Ap) når det kjem til synspunkt på den pågåande aksjonen mot kommunestyrevedtaket i juni om å slå Hornindal saman med Volda. Aksjonsgruppa ønskjer folkerøysting.
– Det hadde vore uproblematisk om reaksjonen hadde kome på eit tidlegare tidspunkt. Vi bestemte alt i mars at vi ikkje gjekk for folkerøysting. Det burde vere lang tid på å skape det engasjementet vi ser no. Eg er mest kritisk til at det oppstod fyrst etter at retningsvalet var gjort. Då er det enkelt å anta at det var utfallet og ikkje prinsippa for folkerøysting som var avgjerande, seier ordføraren, som sjølv hevdar å ha fått lite personlege tilbakemeldingar på vedtaket – jamført meiningane som skal versere i bygda.
– Slik sett føler eg ikkje på den stemninga som mange meiner er her, men eg registrerer jo kva sterke personlegdomar skriv på Facebook.

Bort med det personlege

Ordføraren seier han har sett til side personlege relasjonar til fordel for rasjonelle argument når det kjem til vegvalet i regionreforma.
– Personlege relasjonar, venskap, kjennskap, firmainteresser, alt dette ser eg vekk frå til fordel for det eg meiner er det beste for bygda.
Og for dei som ikkje har fått det med seg, er dette årsakene til at Hornindal-ordføraren ser (den førebelse) framtida i lag med Volda:
– Eg er einig med legane i Hornindal, som fagleg sett seier honndølane er best tente med å sjå nordover. Det same gjeld når det kjem til utdanning. Og i mange år har vi forsøkt å få støtte frå fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane når det gjeld fylkesveg 60, utan å lukkast. Det er på tide å prøve noko nytt, og gi fylkespolitikarane i Møre og Romsdal anledning til å utøve det dei har lovd skal vere plankekøyring å prioritere.
Lødemel viser her til beskjeden frå Ekornes-fabrikken, den største private arbeidsgjevaren i kommunen med 90–100 tilsette. Vegen gjennom Hornindalen er ein hemsko for utvikling for møbelprodusenten.
– Så betyr det også mykje for honndølen å knyte sterkare band til Austefjorden og Bjørke. Det er inga hemmelegheit at felles opptaksområde til skulane vil gi synergieffektar begge vegar.
– Det oppnår vi ikkje i andre retninga. Eg vil på ingen måte ta til orde for å leggje ned skulen i Austefjorden, men vert det vurdert, håpar og trur eg Hornindal vert eit alternativ. Gjennom besøk, bursdagar, foreldremøte og klassefestar vert heile familiar knytte sterkare i hop, er Lødemel klar på.
Han legg heller ikkje skjul på at der Volda er sterke på offentlege arbeidsplassar, er Stryn sterke på privat næringsliv. Sjølv om han ikkje har vektlagt dette i argumenteringa (då han meiner at det er honndølane sjølve som til sjuande og sist må dra lasset), meiner han Stryn, Volda og Hornindal (samt Ørsta) hadde utfylt kvarandre på ein «eksepsjonell måte». Her inkludert kompetansen Stryn har på reiselivsfeltet.

Samarbeid alt i gang
Hornindal har for lengst innsett at kommunen ikkje vert ståande åleine. Kommunalt tilsette på veg ut vert derfor ikkje erstatta. I staden vert kompetanse leigd inn. Lødemel håpar å ha ein skulefagleg ansvarleg (skulesjef) på plass i samarbeid med Volda innan september. Så også ein fagperson på barnevern.
Korleis få dette til skal rådmennene diskutere fram mot møtet på Austefjord skule 25. august.
– Eg og Jørgen (Amdam) kjem til å ha kontakt med omsyn til det same før møtet med fylkesmennene 25. august. Då skal vi stake ut kursen vidare. Kven skal vi stille oss til, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, eller begge to?

Honndølen

– For ein «grøn» volding, kven er honndølane?
– Honndølane er eit jordnært folkeslag som er veldig sterke på jordbruk. I kroner og øre omset bøndene for 20.000 kroner per innbyggjar, det høgste talet blant kommunane i Sogn og Fjordane, seier Lødemel og viser til at fleire yngre bønder satsar på stordrift og at det er skort på slåttemark i Hornindalen. Sjølv om bruka vert færre, er vyane og visjonane for framtida innan bondeyrket store, og mjølkekvotane i liter veks.
– Elles er honndølane kjende for kultur og musikk. Og honndølen er flink på frivillig arbeid. På arrangement stiller ein opp for kvarandre, og ein dreg lasset i fellesskap. Sjå på kva ein har fått til med kunstgrasbane, skitrekk, idrettshall og friidrettsbane. Dei kjem av ihuga eldsjeler som brenn for saka og stiller opp på dugnad.

Voldingen
– Kva er inntrykket ditt av voldingen, då?
– Slik eg ser det er det akademikarar, høgt utdanna på ein kompetansearbeidsplass. Utover det er dei litt meir bymenneske, vil eg kanskje seie. Dei står fram slik, iallfall, seier ordføraren med glimt i auget.
Kvivsvegen er framleis ny, peikar han på, men trafikken frå Søre Sunnmøre bergar butikkane på Grodås, får han rapportert.
– Eg registrerer at austefjordingane bruker butikkane her, noko som sjølvsagt vert sett stor pris på. Mange i handelsstanden har sagt til meg at utan møringane hadde ikkje drifta vore liv laga. Det er kjekt å høyre. I motsetnad er stryningane usedvanleg lite flinke til å støtte honndølane på same måte.
Og når det kjem hyttebygging, er det spesielt ørstingane som inntek liene, skal vi tru ordføraren.

Jaktmannen
Ved sida av politikk, er jakt det store interessefeltet til Lødemel.
– Ja, eg er ein lidenskapeleg jeger, for å seie det sånn. Fortrinnsvis storvilt. Alt frå rein (Nesbyen), elg (Trøndelag) og hjort.
Han vil ikkje ha fjorårstalet på skotne hjort offentleggjort i frykt for å verke skrytande, men lite søvn og eit visst tal timar vitnar talet udiskutabelt om.
– Men jakta går ikkje utover jobben! Eg har til gode å ta meg fri på grunn av hjortejakta, understrekar han.

Ordførarkandidat
Lødemel seier seg særs samfunnsoppteken. Og sjølv om det er eit stykke fram, vikar han ikkje frå tanken for å stille som ordførarkandidat for Høgre i den nye kommunen.
– Eg er oppteken av at vi skal ha livets rett der vi bur, at vi kan ta heile Noreg i bruk og ikkje får eit samfunn der alle bur i store byar. På den bakgrunn ønskjer eg å bidra. Om ikkje interessa endrar seg, er det absolutt aktuelt å vere med vidare.

– Og stille som ordførarkandidat?
– Det kunne eg heilt sikkert, seier han med eit smil.

Kviven

– Ja, eg har jo vore blant dei som meiner namnet ikkje er så viktig, svarar han innleiande på spørsmålet.
– Så lenge ein snakkar om berre Hornindal og Volda, ser eg ikkje eit problem med at det berre vert «Volda». Det er mi oppfatning. Kommunestyret er ikkje nødvendigvis av same oppfatning, då mange meiner Hornindal på eit vis må vise att, held Lødemel fram.
– Men ser ein lenger inn i kula er det vel lite truleg at det vert berre Hornindal og Volda. Skal ein posisjonere seg på sikt, er «Kviven» eit godt, nøytralt namn som sikkert ørstingar også ein gong i tida kan akseptere, seier han, med klar kunnskap om at ørstingane ikkje likar at han uttalar seg på den måten …

Sommaren
Forutan veka i Bulgaria, har Lødemel blant anna vore elektrikar i sine tre veker borte frå ordførarkontoret. Og det er på heimlege trakter den perfekte sommardagen oppstår for den 39 år gamle gifte trebarnsfaren.
– Det må vere ein dag med familien på svaberget til ei av elvane i Hornindalen. Det er så mange flotte jettegryter og svaberg der du har høve til å setje deg ned, grille og kose deg. Så må det vere god temperatur i vatnet, avsluttar Stig Olav Ldøemel.

Siste nytt i Reportasje

Vei  

Frode Thomas Weider om vegen kommunen vil byggje på eigedomen deira:

- Vi gir aldri opp

Frode Thomas Weider og familien bur på eit småbruk i Ytrehovdevegen i Hovdebygda. Om alt går utbyggar sin veg får dei ein trafikkert veg rett ved inngangsdøra si. No kjempar familien på fire for at ikkje hagen og idyllen skal forsvinne.

Tulipanar til mor

Tulipanar til mor

Snart er det morsdag og ein skal feire mor. For mange er ei mor ein superhelt i forkledning, og ho fortener det beste. - Vis kor mykje mor betyr for deg med å gi ho doggfriske tulipanar, føreslår Tonje Bergh i Plantmania.

- Sofaen er ingen god plass, så eg må ha noko å styre med

Terje Hamre om å vere pensjonist:

- Sofaen er ingen god plass, så eg må ha noko å styre med

Terje Hamre vart pensjonist for eit og eit halvt år sidan. Han skulle nyte livet medan helsa var god. Helsa er framleis god, og hobbyen har tatt av, og no lagar han bord og benkar så sagmasken flyg.

 
- Når ein jobbar med noko ein brenn for, kjennest det ikkje ut som arbeid

Maria Øyehaug:

- Når ein jobbar med noko ein brenn for, kjennest det ikkje ut som arbeid

Ørstakvinna Maria Øyehaug har merka at det er eit stort behov for enkel, vanleg ernæringskunnskap blant småbarnsfamiliar. Difor reiser ho no land og strand rundt med babymatkurset «GodStart for små magar».

Drengen frå Høydalsnes – den  minste kutteren ein kjenner til

Drengen frå Høydalsnes – den minste kutteren ein kjenner til

Ufatteleg mange timar og ufatteleg mykje interessant arbeid. I 10 år har Arvid Stokkenes kosa seg med å restaurere veteranbåten M/B «Drengen» frå Høydalsneset. No er han ferdig og gir båten til Sunnmøre Museum.

Hus med historisk sus

Hus med historisk sus

Norleif Bjørneseth har sidan 2006 i julenummeret av Møre skrive om spesielle hus/bygningar i Volda. Dei siste åra har han hatt i tankane å finne fram til historiske fakta om gravplassen på Leirshaugen og kapellet der. Sidan han mangla nokre informasjonar fann han å legge skriveplanen på vent. Helge...

 
Sivert Heltne deltok på det første målarkurset i regi av Volda kunstlag

80 år sidan Volda kunstlag vart stifta:

Sivert Heltne deltok på det første målarkurset i regi av Volda kunstlag

Sivert Heltne gjekk på det første målarkurset som Volda kunstlag arrangerte i 1937. I denne artikkelen skal vi sjå litt på oppstarten av Volda kunstlag, som var det første kunstlaget på landsbygda i Noreg, og få vite korleis Sivert hadde det på målarkurset der Leon Aurdal var kurshaldar.

Minner frå ei svunnen tid

Minner frå ei svunnen tid

Etter mange år på landevegen, la Trond Ryslett opp langtransportkarrieren i 2003. Men interessa for lastebilar er framleis levande, og nyleg vart han ferdig med eit større restaureringsprosjekt.

- Får den ikkje mange dislikes har eg gjort noko feil

Regissør Lars Skaland om musikkvideoen til «Paradise-Iselin»:

- Får den ikkje mange dislikes har eg gjort noko feil

I dag vart den nye singelen til Iselin Michelsen, betre kjent som Paradise-Iselin, gitt ut. Bak filmen er det ein volding som er regissør.

 
- Den filippinske jula startar i september

Evelyn Lara Myklebust:

- Den filippinske jula startar i september

Allereie i september blir butikkane og gatene på Filippinane pynta til jul. Dei siste ni dagane før julaftan er det messe i dei katolske kyrkjene kvar morgon klokka fire.

Livet er ingen draum

Ragnhild Halsen debuterer med poesiboka:

Livet er ingen draum

- Eg håper dikta mine vil vere med å opne opp noko i folk, sleppe inn litt frisk luft i dei romma som ikkje er i dagleg bruk, seier Ragnhild Halsen som i desse dagar gir ut diktboka «Livet er ingen draum».

Rekkverket som produserer straum

Rekkverket som produserer straum

Det er ikkje lenge sidan dei lanserte vekkjarklokke-appen. No er ikkje det ein app dei skal lansere, men eit rekkverk som produserer straum. Og allereie til våren 2017 kan du sikre deg eit.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!