Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

fredag 24. februar 2017

Ragnhild Halsen debuterer med poesiboka:

Livet er ingen draum

Livet er ingen draum

 

- Eg håper dikta mine vil vere med å opne opp noko i folk, sleppe inn litt frisk luft i dei romma som ikkje er i dagleg bruk, seier Ragnhild Halsen som i desse dagar gir ut diktboka «Livet er ingen draum».

Skrevet av:

Oppdatert:
11.12.2016 kl 18:45

Ragnhild Halsen (1966) har eit spennande år bak seg. Om ikkje lenge har ho si eiga diktbok med tittelen «Livet er ingen draum» mellom hendene. Ørstingen som bur på Egset i Volda jobbar som spesialbibliotekar ved Høgskulen i same kommune. Ho er gift og har to tenåringsdøtrer.
Vi møter henne på jobben i slutten av november. Det er ganske mørkt ute, men Ragnhild er lys til sinns. Noko av grunnen kan vere at den nye interessa hennar for diktskriving har gitt henne mykje glede og nye vener.

God respons
– Det starta med ein anonym Twitter konto der eg leika seg litt med ord. Eg likar å skrive fortetta og kort, så det passa meg godt. Eg er også typen som likar å få respons med ein gong, noko ein får på Twitter.

Etter kvart fekk ho ein del følgjarar på Twitter. Dette førte Ragnhild inn i eit miljø av skriveglade menneske med ulike bakgrunnar og frå heile landet.
Mange av dei ho kom i kontakt med meinte at ho burde gi ut bok.
- Eg hadde kanskje ikkje våga å gjere det utan desse oppfordringane, seier den nybakte poeten.

Marit Digernes
Det var også gjennom nettet, nærare bestemt ei forfattargruppe, at Ragnhild møtte Marit Digernes frå Stord som har illustrert boka hennar.
Marit skriv også dikt, men har ikkje gitt ut noko sjølv enno, berre vore med på ein antologi som illustratør saman med andre. Difor var Ragnhild litt spent på om ho ville illustrere boka hennar. Men ho svarte ja. Dei to damene samarbeider veldig godt.
- Marit er ei herleg dame. Vi fann raskt tonen, og eg fall pladask for dei artige illustrasjonane hennar, fortel Ragnhild.
Kunstnaren Marit Digernes er impulsiv. Ho kan gjerne sende ein illustrasjon til Ragnhild midt på natta, eller klokka fem om morgonen. gjerne med nokre artige diktlinjer attåt.
- Ho har vore veldig lydhøyr for mine meiningar, og har gått inn i dikta med liv og sjel. Vi har hatt det utruleg kjekt i lag, og det trur eg viser att i boka, smiler Ragnhild.
Då Ragnhild skulle velje ut dikta ho skulle sende til forlaget Publica, var det mellom andre Marit som hjelpte henne med dette.

Mellom liv og draum
Ragnhild skriv dikt om det som skjer mellom oss menneske. Boka inneheld ulike typar kjærleiksdikt, artige observasjonar frå kvardagslivet, draumar og dikt som har assosiasjon til livet til dei som levde her før oss.
- Som tittelen gir eit vink om, krinsar tematikken rundt forholdet mellom liv og draum. Vi lever i ein kvardag med små og store utfordringar, og av og til stoppar det litt opp, reflekterer Ragnhild.
Ho er oppteken av å skrive om emne folk kan kjenne seg att i. Skape bilde og få fram ei stemning.
- Mange lever hektiske liv med lite tid til refleksjon. Av og til kan det vere godt å lene seg tilbake, la tankane flyge og utforske dei ulike overgangane mellom levd liv, draum og fantasi, seier Ragnhild.
Debutanten vonar dikta hennar vil vere med å opne opp noko i folk, sleppe inn litt frisk luft i dei romma som ikkje er i dagleg bruk.

Ikkje private
Mange trur kanskje at dei som skriv dikt brukar mykje av sitt eige liv når dei skriv poesi. Ragnhild understrekar at det ikkje er hennar eigne erfaringar som er hovudinspirasjonskjelda.
- Det er ikkje meg dikta handlar om. Eg får impulsar frå mange stader. Det kan vere ting andre har opplevd eller saker eg les om på internett eller i ei avis. Det er ikkje tankar frå inst i sjela mi, smiler ho.
Privat er Ragnhild jordnær og nøktern, slik er dikta også. Ho synest ikkje sjølv dei er så høgtflygande.

Forfattarplan
Som ung var planen å bli forfattar, men ho vart bibliotekar i staden for. Heilt fram til no. Ei av årsakene til at ting har skjedd det siste året, er at borna har teke til å bli større. Ho har difor har fått meir tid til seg sjølv og sin eigen kreativitet. I ungdommen likte ho veldig godt dikta til Jan Erik Vold.

- Kva forfattarar inspirerer deg no om dagen?
- Ruth Lillegraven, Helge Torvund, Kjell Ivar Sandvik og Pablo Neruda, svarer ho.
Sjølv om boka snart er i trykken, ligg ikkje Ranghild på latsida. Nye dikt poppar stadig opp. Nokre gonger kjem dei raskt, andre gonger må ho jobbe litt meir med dei.
Ragnhild har framleis ein anonym twitterkonto. Dei som er som er interessert kan sjå kva ho driv med på @ragnhilds. skriveri på Facebook og Instagram.
16. desember skal ho presentere diktboka si på Volda folkebibliotek.

Siste nytt i Nyhende

Fleire menn enn kvinner

I Volda og Ørsta:

Fleire menn enn kvinner

  • Statistikk

Det er 65 fleire innbyggjarar i Volda kommune no enn i 2016. I Ørsta kommune er det 67 fleire.

Volda skisenter opnar i dag

Volda skisenter opnar i dag

Nysnøen har gjort det mogleg å opne Volda skisenter på Reset i dag, fredag.

Buss med sju passasjerar velta

  • Bussulukke

Politiet melder at ein buss har velta i Sande kommune.

 
Kranglete og vanskelege

Kranglete og vanskelege

Politiet måtte aksjonere mot to unge kvinner torsdag kveld.

Damelaget med 16 sigrar på rad

KFUM Volda:

Damelaget med 16 sigrar på rad

  • Volleyball

Trass i at Fræna stilte med det sterkaste laget på mange år, var det likevel Volda som kunne ta med seg sigeren heim.

Trafikkulukke i Ørsta

Trafikkulukke i Ørsta

  • Politi

Politiet melde torsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Ørsta.

 
Skisenteret ope i Hornindal

Skisenteret ope i Hornindal

  • Hornindal

Hornindal Skisenter meder at dei opnar skitrekket i ettermiddag.

-	Eg er aldri heilt privatperson

Ørstarådmannen om private synspunkt i Osgeilasaka

- Eg er aldri heilt privatperson

  • Osgeila

I august 2016 sende rådmannen i Ørsta to e-postar til personar i administrasjonen, som hadde jobba opp mot Osgeilasaka. Møre har stilt spørsmål om det var rett å bruke rådmannsmailen til å fremje eigeninteresse, og blande det inn i den administrative diskusjonen om Osgeila.

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

  • Sport

Volda skyttarlag arrangerte i helga ope stemne i miniatyrskyting. Det var stor deltaking, heile 81 skyttarar fann vegen til skytebana i aulakjellaren på Volda ungdomsskule. Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje viste god form og drog sigeren i land med 245 poeng.

 
Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

  • Skisport

Tretten skiglade voldingar reiste førre fredag til Liberec i Tsjekkia for å gå det fem mil lange skiløpet Jizerská.

Åtvarar mot falske e-postar

Tussa:

Åtvarar mot falske e-postar

  • Svindelforsøk

Tussa har sendt ut åtvaring til alle sine kundar om at det er sendt ut ei stor mengde med falske faktura på e-post.

Volding kan bli Årets Urørt

Volding kan bli Årets Urørt

  • Musikk

Jonas Krøvel (23) frå Volda og bandet Pom poko er ein av fire nominerte band og artistar som kan bli Årets Urørt.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!