Annonse

Restriksjonane for å setja Schumann fri på prøve blir haldne oppe

(NPK-NTB): Eidsivating lagmannsrett avviser at NOKAS-ranar Kjell Alrich Schumann (50) skal få fjerna vilkåra for å bli sett fri på prøve.

Lagmannsretten meiner at det framleis er viktig med kontrollerande og førebyggjande tiltak overfor NOKAS-dømde Schumann, skriv Stavanger Aftenblad.

I juli fekk Schumann medhald i Sør-Østerdal tingrett, som sletta alle vilkåra bortsett frå eitt. Det einaste som blei ståande var vilkåret om at Schumann ikkje får ha kontakt med tidlegare NOKAS-dømde eller andre som høyrer til eit kriminelt miljø.

Det var statsadvokat Tormod Haugnes som anka avgjerda til tingretten til lagmannsretten.

– Med den fortida Schumann har, er det viktig at vi har kontroll på han slik at han ikkje rotar seg borti nye kriminelle forhold, seier Haugnes til avisa.

Schumann som har vore sett fri på prøve i over to år, skaut og drap politiførstebetent Arne Sigve Klungland under ranet i 2004 og blei dømd til 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år. (©NPK)